environment jobs Est. in 1994. Delivering Environment Jobs for 31 years
This job listing is no longer active.
Please use our Environment Jobs Search to find current vacancies.
Title | Postdoktor i Klimamodellering |
Posted |
|
|
Description |
Det er ledig ei stilling som postdoktor i regional klimamodellering og -analyse ved det nyleg etablerte SapienCE Senter for Fremragende Forskning (SFF). Stillingen er finansiert av forskingsrådet og er for ein åremålsperiode på 3 år med tilsetjing ved Institutt for geovitenskap.
Om prosjektet og arbeidsoppgåver Vi søkjar etter ein framifrå og høgt motivert klimaforskar som kan ta del i det fleirfaglege arbeidet ved SapienCE Senter for Fremragende Forskning. Den som vert tilsett, vil arbeide med å utvikle og gjennomføre innovative regionale klimamodelleringseksperiment som vil gje ein meir robust forståing for lokale til regionale klimahøve over det sørlege Afrika i perioden frå 100.000 til 50.000 år før nåtid. Vidare vil kandidaten arbeide saman med dei andre forskarane ved sentret med å utvikle forståinga for samanhengar mellom klimarekonstruksjonar, arkeologisk kunnskap og tidleg menneskeleg åtferd. Nåverande arkeologisk kunnskap viser at perioden 100-50 ka var ein milestolpe for mennesket si kognitive, teknologiske og sosiale utvikling i Afrika. Meir forsking er naudsynt for å forstå kor, når og kvifor tidlege menneske begynte å tenkje og oppføre seg slik vi gjør i dag. Kunnskap om miljø- og klimaendringar som fann stad i denne perioden utgjer ein kritisk brikke i dette puslespelet. SapienCE bring leiande forskarar frå Universitetet i Bergen og lokale og internasjonale partnare i fagfelt som arkeologi, kognitiv vitskap, klimaforsking med vidare saman, under leiing av professor Christopher Henshilwood. Målet er å saman svare på nokon av dei mest fundamentale spørsmål kring kva det vil sei å vere eit menneske. Klimaforskingsgruppa, leia av professor Eystein Jansen (tidlegare direktør for Bjerknessenteret for Klimaforskning) består av leiande paleoklimaforskarar, globale klimamodellører og ekspertar på regionalt klima. Dr. Stefan Sobolowski (Uni Research), som leiar Bjerknessenteret si aktivitet i regional klimamodellering, vil vere rettleiar for den som vert tilsett.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensiale vil også telle under evalueringa.
Om postdoktorstillinga Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Om den som vert tilsett manglar undervisingserfaring, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til tre år og (til dømes) tre månader. Undervising og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi kan tilby
Søknaden skal innehalde
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Stefan Sobolowski, Uni Research klima & Bjerknessenter for klimaforskning (stefan.sobolowski@uni.no, tel. +47 55 58 38 25), eller prof. Eystein Jansen, Institutt for geovitenskap & Bjerknessenter for klimaforskning (eystein.jansen@uib.no, tel. +47 906 18 858).
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. |