environment jobs Est. in 1994. Delivering Environment Jobs for 30 years
This job listing is no longer active.
Please use our Environment Jobs Search to find current vacancies.
Title | Postdoktor - biogass - Søknadsfrist |
Posted |
|
|
Description |
Bioforsk er eit landsdekkande forskingsinstitutt med hovudfokus på trygg matproduksjon, reint miljø og auka verdiskaping. Instituttet legg vekt på ei langsiktig ressursforvalting, internasjonalisering og brei kontakt med brukarar og kundar. Bioforsk er til stades i alle landsdelar med om lag 460 medarbeidarar. Bioforsk Jord og miljø utfører forsking og oppdragstenester innanfor jordkvalitet og jordressursar, klimagassar og karbonlagring i jord, avrenning frå jordbruksareal, vannkvalitet og forvaltning av vannressursar, arealbruk, naturbaserte reinseløysingar, energi og gjødselressursar i biomasse, samt natur og miljø i Barentsregionen. Senteret deltar i ei rekke forskingsprosjekt i inn- og utland. UMB, Skog og Landskap og Bioforsk utgjør saman Norsk Senter for Bioenergiforsking. Postdoktor - biogassVed Bioforsk Jord og miljø, seksjon Bioressurser på Ås, er det ledig ei stilling som postdoktor. Tilsettinga gjeld for ein periode på 3 år, og er i samband med eit stort kompetanseprosjekt for næringslivet som vert leia av Institutt for Kjemi, Bioteknologi og Matvitenskap (IKBM) ved Universitetet for Miljø og Biovitenskap på Ås (UMB) i nært samarbeid med Oslo kommune - Energigjenvinningsetaten, Cambi AS, Frevar KF, Avfall Norge, Norges Bondelag og Bioforsk. Arbeidsområdet er forskings- og utviklingsarbeid innanfor produksjon av biogass frå anaerobe prosessar til bruk som drivstoff for kjøretøy.
Arbeidsoppgåver Dei konkrete arbeidsoppgåvene vil vere relatert til eksperimentelle studiar, koordinering og drift av biogassreaktorar og vidare utvikling av styringsverktøy for anaerobe prosesser. Presentasjon og publisering av resultat i vitskapelege tidsskrift og på internasjonale konferansar vil være ein viktig del av arbeidet. Postdoktorstipendiaten vil inngå i eit større forskarteam og vil også delta i opplæring og vegleiing av PhD stipendiatar. Stillinga gir høve til ein del reising knytt opp mot samarbeid med Sveriges Landbruksuniversitet i Uppsala(SLU), Universitetet i Ålborg, og andre relevante forskarmiljø.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida, "søk stillinga" Dersom du har problem med utfylling av elektronisk søknad kan du kontakte kundeservice hos Jobbnorge på kundeservice@jobbnorge.no eller ring telefonnummer 75 54 22 27. |