environment jobs Est. in 1994. Delivering Environment Jobs for 30 years
This job listing is no longer active.
Please use our Environment Jobs Search to find current vacancies.
Title | Forskar Kulturlandskap - Søknadsfrist |
Posted |
|
|
Description |
Bioforsk er eit landsdekkande forskingsinstitutt med hovudfokus på trygg matproduksjon, reint miljø og auka verdiskaping. Instituttet legg vekt på ei langsiktig ressursforvalting, internasjonalisering og brei kontakt med brukarar og kundar. Bioforsk er til stades i alle landsdelar med om lag 460 medarbeidarar. Bioforsk Midt-Norge er lokalisert på Kvithamar i Stjørdal kommune. Forskingssenteret har hovudansvaret for forsking og utvikling på fagområdet Grovfôr og kulturlandskap i Bioforsk. Vi har også FoU-kompetanse på korn, bær, plantegenetikk, veksthuskulturar, grønsaker, poteter og bioenergi. Bioforsk Midt-Norge har ansvaret for karanteneverksemda i Bioforsk. Forskar kulturlandskapBioforsk Midt- Norge søkjer forskar i 100% stilling innan temaet kulturlandskap og biologisk mangfald. Varigheit; eit til to år. Stillinga er ledig frå årsskiftet 2013/2014. Stillinga er eit vikariat for ein av våre forskarar som har fødselspermisjon. Forskaren vil vere ein del av forskargruppe innan kulturlandskap og naturmangfald. Endringsprosessar i økosystem påverka av landbruk, beitelandskap, kartlegging og overvaking av viktige naturtypar, biologisk mangfald, nasjonale handlingsplanar og skjøtselstiltak er sentrale og viktige forskingsoppgåver for denne gruppa. For den som får stillinga vil det vere spesielt aktuelt å arbeide med naturovervaking opp mot Naturindeks for Norge (sjå http://www.miljødirektoratet.no/naturindeks/), kartlegging av naturtypar i kulturlandskapet og metodeutvikling opp mot desse oppgåvene, til dømes bruk av data frå fly- eller satelittfoto. Ein del reise- og feltaktivitet må påreknast.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida, "søk stillingen" Dersom du har problem med utfylling av elektronisk søknad kan du kontakte kundeservice hos Jobbnorge på kundeservice@jobbnorge.no eller ring telefonnummer 75 54 22 27. |